Musikkandakt i Oslo domkirke: «Om å le»

Det er i tider som desse at vi oppdagar at vi treng latteren, den spontane, den kan i glimt vise oss at ei anna verd er mogleg, at det utenkelege kan bli verkeleg, at det kjem ei tid då det skal bli like fint å jobbe som å danse, og at vi igjen kan begynne å nyte gledene ved å vere gjestfri og å vere gjest, å kunne gje og å kunne ta imot brød og vin og fredshelsingar utan å vere redd.

Musikkandakt i Oslo domkirke: «Om å le»

Andakt ved biskop i Oslo Kari Veiteberg
Fredag 27. mars 2020 kl. 17.00
Tekst: 1. Mosebok 18,9–15



Kjære venner!

Jesus seier «der to eller tre er samla i mitt navn, der er eg midt i blandt i dykk.» Det er gode ord i desse tider, for oss som er her i Domkyrkje og de som sit rundt om kring i heimane.

I dag skal me fordjupe oss i noko som vere med å strykje livsmotet. Sjukehusklovnar, har du høyrt om dei? Sjukehusklovnane fortel at «vi trampar ikkje rundt i komisk store sko og gjer altfor harde forsøk på å tvinge fram latter.» Nei, sjukehusklovn er ei eige fag med 30 års fartsid. Saman med barna skapar klovane dei sårt tiltrengte pusteroma i ein tøff sjukehuskvardag.

I ei norsk avis las eg om å være klovn i flyktningeleiren Moria Klovnen Line Møller-Christensen , midt i krisen – i flyktningleiren Moria på Lesvos, forsøker ho å få barn til å le.

Her, i denne Bibelleseplanen, knytta til kirkeåret i kyrkja vår, står i dag, fredag 26. mars følgjande bibeltekst: Vi les frå 1. Mosebok 18, 9–15.

Då sa dei til han: «Kvar er Sara, kona di?» Abraham svara: «Der inne i teltet.» Han sa: «Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara, kona di, ha ein son.» Sara høyrde det i teltopninga, som var rett bak han.

Abraham og Sara var gamle, langt oppi åra, og Sara hadde det ikkje lenger på kvinners vis. Difor lo Sara med seg sjølv: «Skulle eg kjenna lyst, utsliten som eg er? Og herren min er òg gammal.» Då sa Herren til Abraham: «Kvifor ler Sara og seier: Skulle eg verkeleg kunna føda, gammal som eg er? Er noko umogleg for Herren? Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara ha ein son.» Sara nekta: «Eg lo ikkje.» For ho var redd. Men han svara: «Jau, du lo.»

Skjønte du kva det dreidde seg om? Du har kanskje høyrt starten på forteljinga før, det handlar om Abraham som på det aller varmaste på dagen ser tre menn som kjem på besøk og han sprett opp og inviterer dei til mat, og får kona Sara til å bake brød.

Det er ei forteljing som også er kjent frå ikonar, dei tre som kjem på besøk har nemleg lenge blitt tolka som treeinigheita, Gud, Jesus og Den heilage ande på besøk hos Abraham, han som Kierkegaard kalla troens ridder.

Det er også ei sterk forteljing om kor viktig det er å vere gjestfri, plassert rett ved sidan av det aller grovaste eksempel på ugjestmild mottaking av gjester, nemleg det som skjer i Sodoma.

Men i dag høyrer vi altså om Sara, ho som har vore i bakgrunnen heile tida og bakt brød og ordna til, men skjult bak teltveggen har ho ikkje fått sin plass i førestillingane om det eineståande besøket og det store eksemplet på gjestfriheit.

Sara er gamal, over nitti år. Gud, som er på besøk, spør etter ho, og seier ved neste besøk - skal ho ha født ein son. Då greier ikkje Sara å halde seg lenger, bak teltduken, men brister ut i høglydt latter! Etterpå nekta ho for at ho hadde ledd, for ho var redd.

Latter og redsel altså, er ikkje dette noko som lett gir meining i den rare tida vi lever i no? Le med, le av, le i redsle.

Har du tenkt over kvifor du ler? Som dei fleste gjer vi det berre, vi kan ikkje tvinge fram ein ekte latter, han kjem vellande ut av seg sjølv, og den ekte latteren er faktisk, med eit ord vi høyrer ofte i våre dagar, veldig smittsam.

Dei som har tenkt over kva latter er, seier ofte at det kjem av noko uventa, at noko er på heilt feil plass, f.eks. eit bananskal rett framfor ein sjølvhøgtidleg person. At det utrulege plutseleg og uventa skjer, verda blir plutseleg snudd på hovudet.

Eg hugsa augeblikket vi oppdaga at sonen vår hadde humor, det var då vi las i ei barnebok om ein som heit Ludde og som gjorde alt mogleg utenkeleg, som hadde underbuksa på hovudet og gulerot til tannbørste. Då høyrde vi ein latter vi aldri hadde høyrt før.

Kvifor er latter så viktig? Ein ting er at kan gjere godt, ja, forlengar livet, kanskje tilmed? Men latteren og den gode humoren er i seg sjølv noko som kan styrke livsmotet i når livet er utsett og mørket truer. Eg lærte tidleg at når det blir for storgale, lyt ein berre le.

Og latter er også ein av dei tinga dei som har makta vanskeleg kan verge seg mot, våpen og vald kan ein verge seg mot, men ein smittande latter er det ikkje noko vern mot.

Det er ikkje vanskeleg å skjøne at Sara lo, for ho såg plutseleg for seg to ulike ting som ikkje stemte saman, ein gamal kropp med ein fint forma mage, som vibrerte av nytt liv. Det stemte jo berre ikkje! Og ho lo og ho lo og ho var jo berre nittiein år!

Sara der litt i skuggen av alle dei viktige mennene, bak teltets forheng viser oss litt av den krafta som ligg i latteren.

Ikkje ein triumferande og hoverande latter: kva var det eg sa-latteren, men den spontane som berer veller opp som ei spontan ytring av liv. Ein latter som formidlar livsmot midt i det fastlåste og håplause og innestengte og usynleggjorte.

Latteren som opnar for at det utenkelege kan skje, at det kanskje må skje, at ikkje berre latter-dørar skal opne seg opp for full vegg. Men kanskje også himmelrikets dører?

Det er i tider som desse at vi oppdagar at vi treng latteren, den spontane, den kan i glimt vise oss at ei anna verd er mogleg, at det utenkelege kan bli verkeleg, at det kjem ei tid då det skal bli like fint å jobbe som å danse, og at vi igjen kan begynne å nyte gledene ved å vere gjestfri og å vere gjest, å kunne gje og å kunne ta imot brød og vin og fredshelsingar utan å vere redd.

Sara fødte ein son. Kva var det ho kalla han? Jo Isak som betyr «han som ler.» Izak.

Gud, du vender ditt ansikt til meg, og ler mot ditt barn som en mor. Ditt ansikt det lyser som solen, den er dette som gjør at jeg tror, at du ler imot meg som en mor.
Christina Lövestam




La oss be: 

Vår Far i himmelen!
La navnet ditt helliges.
La riket ditt komme.
La viljen din skje på jorden slik som i himmelen.
Gi oss i dag vårt daglige brød,
og tilgi oss vår skyld,
slik også vi tilgir våre skyldnere.
Og la oss ikke komme i fristelse,
men frels oss fra det onde.
For riket er ditt og makten og æren i evighet.
Amen.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"